Per Inge og Robin sprang Rotevatnet Rundt
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2015
Frå Konradløpet 2015
Are Uran, Havørn IL
(Nordmøre) var raskast gjennom løypa med tida 22.51. Berre tre sekund bak kom
ein fast gjest ved Konradløpa, Martin Hauge-Nilsen (Kondis). Tredjeplassen
totalt gjekk til sykkylvingen, Per Inge Bjørnestad, fast gjest på topp-10 i
Konradløpet når han er skadefri – berre ti sekund bak vinnar Uran i Volda
vitnar om solid form. Og like eins at han slo voldingen Bjørn Ole Vassbotn, den
fjerde sprekaste Superbirkebeinaren i kongeriket i klasse 45-49 år i 2015.
På resultatlista mellom 25
deltakarar finn vi også ein velledaling, nemleg Robin Urke Brunstad. Han tok
ein fin tredjeplass i klasse 18-29 år med tida 31.34. Vi håper det gav meirsmak
og at Robin «slengjer seg med» på fleire løp.
Esther Innselset, Volda,
vart beste kvinne i løpet med knallsterke 25.18 i klasse 30-39 år.