Regndalen tilbake til normalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Okt 2015

Men 433 noteringar er
ikkje eit dårleg tal for Regndalen. Det er til dømes klart betre enn i 2013, då posten måtte nøye seg med 348
noteringar.

Årets vinnar har vore ein
trottig gjest siste året, med heile 95 turar. Ikkje sidan Geir Helge Grebstad
duellerte med Rune Nilsen har vi hatt liknande tal. Og vinnaren frå Dravlaus
kan vi med dette gratulere med sesongens andre trimposttriumf i 2015. Han vann
også Høgsætra – så vi ropar eit fortent HURRA til Geir Olav!!

Slik ser tala for Regndalen trimpost ut i 2015:

95 turar: Geir Olav Drabløs

30 turar: Erika
Weiberg-Aurdal

19 turar: Martin Velle

13 turar: Elias Urke
Brunstad

13 turar: Arnt Brunstad

Regndalen tre siste år:

2013: 348

2014: 967

2015: 433

Postrangering 2015:

9. Regndalen – 433 noteringar

10. Skogsvegen Drabløs - 432

11. Koppen – 414

12. Hytta Brunstadkølen - 270

13. Holetindane – 127

14. Høgsætra Fet – 119

Trimpostvinnarar etter kjønn hittil i 2015:

Menn – Kvinner 3-3