Sjokolade-produsent til Førjulsmessa
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Okt 2015
Sjokoladeprodusentar er
ein bransje vi tidlegare ikkje har hatt representert. Men i år har Trude
Helland Vadset Huse meldt seg på.
Det starta med at vi las
om dama i Sunnmørsposten. For ikkje lenge sidan stod ein flott reportasje om
kvinna frå Ålesund. Vi tok kontakt og lurte på om ho kunne vere interessert i
ein tur til Velledalen under Førjulsmessa 2015. For få dagar sidan kom svaret - ho takka JA.
Dermed ein skikkelg god
grunn til å stikke innom messa i Velledalen (14. og 15. november) for alle som
elskar frå søtt frå Stranda, Sykkylven og andre stadar.
Elles kan vi melde om «stinn
brakke», med utstilarar i vestibyla oppe, hovudsalen, klasserom og kjellarsalen
nede. Pågangen har faktisk aldri vore større – KJEKT!