Mannleg «bombe» på Høgsætra
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Okt 2015
Vi startar med posten dit
færrast gjekk – Høgsætra Fet. Fattige 119 noteringar på denne posten i løpet av
siste året. I snitt er det med andre ord éin person som tek turen kvar tredje
dag.
Velledalen IL likar særs
godt nye namn på listene. Såleis er det ei glede å kunngjere at denne posten
vart vunnen av ein slik «ny» mann. Fitjagarden køyrde ein beinhard intern kamp
om andreplassen, medan ein eks SIL-spelar sleit seg inn på femteplass, siste
plasseringa som gir heiderleg omtale.
Her er dei harde fakta:
21 turar: Geir Olav Drabløs (premie ventar under VIL
sin «Idrettsgalla» 19. desember)
6 turar: Ole Jostein Fet
5 turar: Helen Longva Fet
5 turar: Håkon Fedt
3 turar: Lars Arild Rokseth
Resultatklage skal sendast
NILS TERJE SKYLSTAD i enden av Holevegen
HØGSÆTRA TRIMPOST SISTE TRE ÅR:
2013:
185
2014:
144
2015:
119
Det er vel slike tal ein
kallar ei litt dyster utvikling, men stor takk til alle som stakk innom posten
i 2015. Vi er sikre på at den sette pris frammøtet ditt!