«Folk i Farta»: 71 250 meter i tredje utgåve
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Okt 2015
Medlemar og sympatisørar
av VIL la bak seg 95 rundar i løypa denne flotte haustkvelden. Totalt vart det
71 250 meter i timen mellom 18.00-19.00. O-løparane nytta ei anna løype,
slik at deira metertal er ikkje med. Hadde vi godskrive O-løparane med
hjelparar (foreldre/besteforeldre) med 1000 meter kvar, hadde vi kome godt over
100 000 meter denne kvelden. Flott jobba!!
Rapportane frå sist onsdag
seier det gjekk bra unna med saft, men lite frukt. Et meir frukt neste gong
folkens, både den og safta er gratis, kjøpt og betalt på Joker av Velledalen
IL! Det vart meldt om rekordsal av vaflar og kaffi.
Tre rundar med «Folk i Farta» har samla 26
ulike deltakarar.
Vi håper fleire får
opp augo
for dette fine tiltaket.
Harde fakta:
16. sept: 38 250 meter
30. sept: 72 000 meter
14. okt: 71 250 meter
Samla hittil: 181 500 meter i løpet av tre timar
Neste gong er 28. oktober: Store, små, unge og eldre
er velkomne til «fartsleik» etter eige behag.