Dagens Jubilant:

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Okt 2015

Hans Olof har
lang fartstid i trimgruppa i Velledalen IL. Aller best trivst han med gruppa
sine sosiale arrangement. Elles likar han både lauge seg sjølv, og sjå at andre
gjer det. Såleis er vervet i Velledalen Symjehall som «himmelriket på jord» å rekne.

Hans Olof har tre døtre. Spreke jenter som
likar «stunt» av ulike slag. Som
49-åringing gjorde «Loffen» og
døtrene det ein må kalle ein overraskande tur med «stuntpreg». Då sperra mange
opp augo.


 -
  

 Hallo,
kva skjer…?

Ikkje veit vi,
kanskje held det til pris under den komande idrettsgallaen….?

Elles må det
nemnast at joviale Hans Olof, tvillaust (uttrykk lånt frå Øystein Fjørstad) har
anlegg som aksjonist. Politisk er han meir vinglete. Akkurat no i ein liten
venstresving, men uansett stødig på den raudgrøne sida.

Medan vi
ventar på neste «stunt», nyttar vi høvet til å gratulere med 50 års dagen !!