Historisk dag: Forsøks O-løp på Dalemyra
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Okt 2015
Velledalen IL
har faktisk hatt ei valt O-gruppe tidlegare. Men så vidt vi veit, kom den aldri
så langt at det vart arrangert løp. Heller ikkje noko forsøks O-løp, slik det
vert på Dalemyra onsdag 14. oktober.
- Dette
er i fyrste omgang eit forsøk. Men eg håper utvikle konseptet neste vår med
rette O-kart og elektroniske løpe-brikker. Kor langt vi skal drive det avheng
av interessa, seier initiativtakar, Pernille Lervåg.
- Om
interessa er god kan det bli aktuelt med opplæring i bruk av kart og kompass,
lage rette O-tekniske treningar, og få til eit samarbeid med Emblem O-lag, som
er den leiande klubben her på Sunnmøre.
Ho fortel at
opplegget eignar seg for born frå 2 år til om lag 5.-6. klasse. Dei eldste
spring med kart (i fyrste omgang flyfoto). Dei minste spring (eller går) meir
på lykke og fromme. Og det vert enkel premiering