Sverre Gunnar spring terrengløps-NM

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Okt 2015

Svært mange sykkylvingar
har vore på Ekebergsletta i Oslo. Truleg flest i samband med fotballturneringa
Norway Cup. Men komande laurdag, 17. oktober, burde kanskje nokre sykkylvingar
vore der av ein annan grunn.

Då skal nemleg NM i
terrengløp, lang løype, arrangerast på Ekebergsletta av Tjalve IL. Sverre
Gunnar Brunstad, «vår» ferske NM-vinnar i maraton, stiller nemleg til start. Og
vi trur ikkje det blir fælt mange som slår han i klasse 45-49 år.
  Så «Bø-Sigbjørn»; skaff deg avløysar og
 reis!

Eit anna moment opp i
dette er at neste års NM-arrangør i terrengløp er Rindal IL. Klubben til
friidrettsleiaren vår, Alf Petter Bøe. Vi håper Sverre Gunnar held koken MINST
eitt år til, så kan Velledalen IL sine medlemar og sympatisørar reise mann av
huse til Rindal i 2016. Det hadde vore gildt!

Velledalen IL ynskjer
Brunstadekspressen alt godt med dei siste NM-førebuingane, og resultata får du
sjølvsagt på nettsida vår komande laurdag.

PS! Vi oppmodar medlemar
og sympatisørar om å varme opp til NM i terrengløp med deltaking
  i «Folk i Farta» komande onsdag i
tidsrommet 18.00-19.00 – Base i grendahuset sin kjellarsal.