Stordalssamlinga – ingen frå Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Okt 2015
At Sykkylven kommune ikkje
er representert på denne samlinga er sjølvsagt eit svakheitsteikn. I år deltok
65 utøvarar i alderen 11-16 år, i samlinga som vart arrangert for 8.gong med
Stordalshallen som base.
Samlinga starta sist
fredag og vart avslutta sundag. Totalt fem økter med variert og god trening. Leia
av dyktige instruktørar som Pål Bjørn Øvrebust, Lars Anders Hoel og Anniken
Hjellbakk Hole. Fyrstnemnde er kretslagstrenar, dei to siste trenarar for
Storfjord-langrenn.
Det er å vone at
Velledalen IL kan få fram nye skirekruttar om kort tid. Men denne gongen var vi
altså ikkje representerte under samlinga som har vunne seg godt ry i heile Møre
og Romsdal. Det var heller ikkje Sykkylven IL, Ikornnes IL eller Hundeidvik IL.
Klokkeklart prov på at greina langrenn enno har litt å hente. Naboklubbar som
Stranda IL, Sunnylven IL og Liabygda IL hadde deltakarar. Vi nemner at
dei «flinkaste» i klassa frå Sunnmøre, Emblem
IL og Stordal IL, hadde med ti utøvarar kvar.