Haustferie – takk for innsatsen på trimpostane!

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Okt 2015

Men stå på til det siste!
Bokbyte skjer nemleg ikkje same dag på alle postar, men i løpet av den komande
veka vil det vere over for sesongen 2015.
  Ny
bok er NY sesong.

Mange har lagt ned ein
formidabel innsats. Alt frå «smårollingar» til personar over 90 år har sett
namnetrekka sine i bøkene. Det set vi pris på. Alle trimpostvinnarane, og dei
tre beste samanlagt, vert premiert under Velledalen IL sin idrettsgalla som
enno ikkje er tidfesta. I tillegg vert det trekt ut tilfeldige premiar.

Like eins set vi stor pris
på at dei jamnaste utøvarane held teljing med turane sine, og set tur-talet bak
namnet sitt. Tenk, for ein jobb det hadde blitt for statistikk-general; Nils
Terje Skylstad, om ingen gjorde det! For dei som berre går nokre få turar på
kvar post, er dette sjølvsagt mindre viktig. Slike kjem uansett ikkje på
sluttlistene.

Topp-5 resultat frå
enkeltpostane vil kome ganske raskt. Truleg i løpet av oktober. Det er i samanlagt-resultata
den store jobben ligg. Både det å få lista rett med omsyn til plassering, og
rett med omsyn til antal poeng. Finn nokon feil på resultata vi kunngjer, ta
straks kontakt med Nils Terje Skylstad, og vi garanterer feilen vert retta opp.

MEDLEMSKAP:

Vi set STOR pris på at
somme av dei ivrigaste viser dei set pris på tiltaket gjennom å betale
medlemskontingent. Om ein ikkje vil bli fullverdig medlem, kan STØTTEMEDLEMSKAP
vere eit alternativ. Satsar for 2015:

Familie: Kr 400,- pr år

Vaksne: Kr 200,- pr. år

Born: Kr 100,- pr. år

Støttemedlemskap: Valfri
sum over kr 50,-

Betal til: Velledalen IL,
v/Ove Skylstad, Holevegen 37, 6220 –
  kontonr:
4045 10 23537