Slår vi 38 250 meter onsdag….?

    Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Sep 2015

    Folkehelse-prosjektet «Folk
    i Farta» høver for absolutt alle aldrar. Her er ingen for gamal, ingen for ung.
    Ein kan gå, jogge eller springe. Ein tek pausar når ein vil. Ingen tek tida.
    Tilbodet er gratis. Ein treng
       IKKJE
    vere medlem av VIL.

    Debuten fann stad dagen
    etter Aktivitetskvelden den 16. september, noko som heilt sikkert ikkje var
    gunstig. Likevel vart resultatet 38 250 meter.

    FAKTA «FOLK I FARTA»:


     ·
      

     Registering i
    Kjellarsalen Velledalen grendahus.


     ·
      

     «Folkehelsetida»
    er 18.00-19.00. MEN; Du må ikkje starte 18.00, men du må slutte 19.00. Kjem du
    18.40 så rekk du 20 minutt – good for you, and good for us.


     ·
      

     Det vert brukt ei
    rundløype (med start rett utanfor kjellarsalen) på 750 meter.


     ·
      

     Når du sluttar må
    du melde frå kor mange rundar har lagt bak deg.


     ·
      

     Gratis saft og
    frukt i kjellarsalen.


     ·
      

     Sal av kaffi og
    vafler.


     ·
      

     Rabatt i
    symjehallen. NB 18.00-19.00 (kanskje litt over) Familiebading – deretter ein
    time herrebading.


     ·
      

     Vårt råd: Ta 30
    minutt i løypa og 30 minutt i bassenget.


     ·
      

     Ingen
    startkontingent


     ·
      

     Målet for onsdag
    30. september:
      50 000 meter i timen
    – hjelper du til går det leikande lett!


     ·
      

     Teknisk arrangør:
    Velledalen IL – Støttespelarar Velledalen Symjehall og Velledalen grendahus

    «Folk i Farta» er
    lavterskel folkehelse på sitt beste. Det kan bli ei sveitteperle eller tre
    nedetter ryggen. Det for stå si prøve. Stram registerreima og kom!!