Ny vår for friidrettsleiaren vår
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Sep 2015
Torvikbukt Rundt er eit
aldrande, men heiderskrona arrangement. Laurdag gjekk utgåve nummer 43.
Meininga var at Olaf Einar Øien også skulle delta, men han hadde gyldig
forfall.
Bygda Torvikbukt legg seg
skikkeleg i selen med dette arrangementet, der løparar og andre tilreisande
kjenner seg skikkeleg velkomne. Alf Petter Bøe gjorde fire løp her i sine
velmakts-dagar på 1990-talet. Så heldt han opp i 20 år, før han tok turen i
2015. Som éin av fem deltakarar på Rindal IL sitt lag som sprang for
femmannspokalen.
Startfeltet var stort – og
godt i kvalitet. EM-vinnar i motbakkeløp dette året, Johan Bugge frå Eidsvåg IL,
vann som han ville. Og knuste løyperekorden med over minuttet.
Vår mann frå Bøfjorden,
Alf Petter, disponerte løpet flott og tok andreplassen i klasse 40-49 år på
tida 53.53. Berre slegen av langt yngre Kristian Nedregård, Spjelkavik og omegn
friidrettsklubb.
Og Alf Petter og hans fire
lagkameratar frå Rindal IL greidde hovudmålet. Det tok pokalen til odel og
eige. Altså ein god dag i Gjemnes for friidrettsleiaren vår:
- Ja, dette er eg
nøgd med. Rett nok langt bak tida i velmaktsdagane då eg var ned på 45-talet.
Men 53.53 vert 3.59 i snittid på kilometeren, og det er ikkje ille for ein
gamal mann..
Triveleg dag i Torvikbukt
og kjempeflott arrangement!