Takk Jostein – takk!
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Sep 2015
Dei fleste kjenner ikkje
Jostein Drabløs for arbeid innan idretten. Og det var heller ikkje der han la
ned den største, kjende innsatsen. Men omtalar vi han som skulemann,
korpsdirigent, sogelags-sympatisør og arrangør av kulturkveldar med breitt
innhald, vil dei fleste nikke attkjennande. Jostein Drabløs var definitivt mellom
dei som skapte trivsel i Velledalen – ein sann kulturhøvding!
Men faktum er; Jostein
Drabløs gjorde også eit særs viktig arbeid for Velledalen IL – heilt i det
stille. Då laget nærma seg 100 år, vart det starta oppsamling av «idrettsminne».
Mange skreiv. Men felles for dei aller fleste av desse – rett nok med nokre få
unntak – var at dei skreiv om perioden frå 1946 fram til vår tid.
Men Jostein vart redninga.
Han hadde vore så framsynt at han hadde gjort lydbandopptak og intervju med
karar som Edvard Drabløs, Karl K. Nakkeberg, Peter P. Fet, Sverre S. Brunstad,
Knut F. Drabløs, Sigvart R. Velle (VIL sin fyrste æresmedlem), Severin Hole og
Fredrik Drabløs. Teamet for desse opptaka/samtalane var idrettslivet i
Velledalen i dei nemnde personane sin ungdom. Dermed vart idrettslivet i dalen
i perioden 1910-1940 kartlagt og dokumentert. Og dette materialet leverte
Jostein over til idrettslaget.
Og slik har det seg at
Jostein Drabløs sitt namn står skrive med «gullskrift» over det vi veit om den
sportslege aktiviteten frå Velledalen IL vart skipa i 1906 og fram til andre
verdskrig. Møtebøkene frå perioden vart både kortfatta og bleike, samanlikna med
stoffet Jostein uoppfordra leverte, då han skjøna laget ynskte dokumentere si
eiga historie..
La det også vere sagt at
Jostein i tidlegare tider har hatt to søner som har gått gradene innan
barneidretten i VIL. Helge som hoppar, Eivind i langrennsløypa. I samband med
dette tok Jostein dei oppgåvene som fall på han.
Karar som Jostein Drabløs
veks ikkje på tre – korkje i Velledalen eller andre stader. Men minna etter han
vil leve mellom dei heldige som fekk lære han å kjenne. I Velledalen IL bøyer
vi våre hovud i respekt – og djup takksemd !
Atle Jomar Hole