«Folk i Farta»: 38250 meter i timen

    Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Sep 2015

    Standarden for prosjektet «Folk
    i Farta» vart sett på Dalemyra i går kveld
      med
    38250 meter i
      timen mellom 18.00-19.00.
    På ein perfekt kveld for fysisk aktivitet, i ei særs godt merke løype, deltok
    tolv personar. Sjølvsagt eit altfor lavt tal, men for somme sat truleg
    Aktivitetskvelden dagen før i kroppen. Nokre drog også på seg småskadar der.

    Snittdistansen for dei tolv utøvarane vart dermed fine
    3187,5 meter.
      Gjennomført i ei
    rundløype på 750 meter. Ei vekslande løype med motbakkar, unnabakkar og flater.
    Deltakarane kunne ta så mange «pit-stop» ein ville med gratis saft i grendahus-kjellaren.
    Fleire av deltakarane nytta høvet til eit kveldslaug i symjebassenget.

    Ingen gjekk/sprang kortare enn 1500 meter
     . Rekorden andre vegen var 12 rundar.

    Neste «Folk i Farta» vert
    arrangert 30. september. Då også med kaffi og vaflar i grendahus-kjellaren.


      Velledalen
    takkar for bidrag til: Markus Olai Jensen, Kjærsti W. Haugen, Kjell Magnar
    Berli, Pia Johansen, Mary Ann Drabløs, Åshild Kristoffersen, Jeanett Mæhlum,
    Mette Ulvestad, Isac Melendez, Maria L. Velle, Lovise Bøe og Atle Hole

    Sekretær opningsdagen: Alf
    Petter Bøe

    Isac Melendez fekk æra av
    å vere premietrekkjar for kvelden. Han trekte ut Lovise Bøe som den heldige.