Gratulerer til Odd Jostein !!
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Sep 2015
Foto frå grillkveld på Brunstadsætra 2008
Politikk er ikkje det sida
til Velledalen IL kjem til å ha særleg mykje om. Men når ein tidlegare skiløpar
i laget vert ordførar, ja; då må det vere lov å gratulere. Faren til nye-ordføraren,
Leiv Drotninghaug, er dessutan av velledalsætt, og har hatt fleire sentrale
verv i Velledalen IL.
Det var smp.no som tysdag
kveld melde at H og FRP sat att med skjegget i postkassa etter dei øvrige
partia i bygda hadde ordna ordførarkabalen innbyrdes. Odd Jostein Drotninghaug
(Sp) som ny ordførar og Anne-Karin Nakken Watters (Ap) som ny varaordførar.
VIL-Nett gjer merksam på
at varaordføraren er ein habil syklist i Sykkylven Sykkelklubb. Ho sykla nyleg
Birkebeinerrittet. Og ho har gått i klasse med VIL-leiaren på ungdomsskulen
Vi ynskjer Odd Jostein og
Anne-Karin alt godt i deira nye, og viktige verv for bygda Sykkylven!!