Superbirkebeinaren vår, Kjell Magnar!
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Aug 2015
·
2004:
Leverskade konstantert ved St.Olavs i Trondheim. Fekk seinare diagnosa: Primær
Skleroserende Kolangitt – ein kronisk betennelse som over tid fører til tette
gallegangar
·
2008:
Levertransplantasjon ved Rikshospitalet
·
2009:
Operert ved Rikshospitalet for Ulceriøs Colitt – kronisk betennelse på
tjukktarmen
·
2010:
Byrja
trene (vegen opp Vellesætra) og vart sjølvkurert som dataspelslave
·
2011:
Årets
sensasjon: Kjell Magnar nummer 8 av 350 i Konradløpet. Tok alle dei klassiske
motbakkeløpa og imponerte stort med 1.53.12 under Nibbeløpet i Geiranger.
·
2011:
Tarmoperasjon ved Aker Sjukehus
·
2011:
Hasteoperert for tarmslyng ved Ålesund sjukehus i november – kritisk
·
2012:
Aker
Sjukehus i januar – blodpropp inn til levra i portvena
·
2012:
Rein
galskap, kalla somme det då Kjell Magnar krangla seg til Birkebeinerrennet og
gjekk på 4.29.12 frå startposisjon i pulje 25.
·
2013:
Går
Birkebeinerrennet på sensasjonelle 3.52.52 og løyver seks minutt på
merkekravet, spring løpet på 1.27.46 (15 minutt under kravet), men bryt armen
under Sykkylven Rundt seks dagar før Birkebeinerrittet. Han fullfører rittet
med brot i handledd og alboge – fire minutt for sein!
·
2014:
Rennet
vert avlyst p.g.a dårleg vêr. Kjell Magnar greier merkekravet i løpet og
rittet. Får tittelen Superbirkebeiner, men med bismak sidan rennet ikkje vart
arrangert
·
2015:
KJELL
MAGNAR NÅR MÅLET SITT. I mars går han Birkebeinerrennet på 3.03.33. I juni spring han Birkebeinerløpet
på 1.28.16 med skade og 29. august sykla han Birkebeinerrittet på 3.18.39 (sju
dagar etter Stranda Fjord Trail Race). Samla sluttid 7.50.28 – tolvte beste
Superbirkebeiner i klasse 25-29 år i 2015
·
Velledalen IL er
utruleg stolte av deg!!