Imponerande Birken-tipping
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Aug 2015
Arkivfoto
Sjølv om fristen var kort
var det stor interesse kring tippinga av sluttida i Birkebeinerrittet på dei
tre VIL-medlemane Per Steinar Linga, Rolf Haxthow og Kjell Magnar Berli.
I kveld kan vi røpe at
premien for beste tips går til Hilde Riksheim Tandstad. Ho tippa 3.02.38 som
sluttid på Per Steinar. Etter eit parløp med Eldar Kurseth kom begge inn på
3.02.06
Nest beste tips hadde
Bjørn Arve Brune frå Stranda. Han tippa 3.00.50 på Per Steinar, eit avvik på 76
sekund frå det korrekte. Brune tippa for øvrig 3.33.13 på Kjell Magnar Berli, som
han grunngav med at Kjell Magnar tok ut så mykje krefter under Fjordløpet sist
laurdag at han umuleg kunne vere full-restituert. Ein heilt rett «antagelse»,
som etter løpet vart stadfesta på telefon frå Lillehammer av Kjell Magnar sjølv.
- Eg er stort seg
nøgd. Greidde det er var komen hit for å greie (merkekravet og dermed bli
Superbirkebeiner), men Fjordløpet på Stranda sat nok hardare i enn eg trudde.
Det gjekk bra lenge, men vart blutungt mot slutten, fortel Superbirkebeinaren
som i 2015 med god margin, har klart merkekravet på ski, i løpet og på sykkel.
Sjølv om Berlien klappa
litt saman mot slutten, sette han ny personleg bestenotering med kring seks
minutt. Og han veit sjølv han har mykje meir inne. Rovdrifta på eigen kropp,
gjennom knallharde konkurransar kvar einaste helg siste to månadane, sette ein
stoppar for ei tid ned mot 3.05, som han faktisk lenge låg an til å klare.
Lærdom og ta med seg, Lærdom
som er lett å bere!
Vi tek av oss eventuelle
haudplagg, og bøyer oss i støvet for Kjell Magnar sine prestasjonar siste
tida!!