Berre Ola Hovdenak slo Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Aug 2015
Kjell Magnar brukte fire
timar og 37 minutt på turen. Klart bak Ola Hovdenak frå Romsdal Randoneklubb,
men har er faktisk i landstoppen. Han har mellom anna vunne «Hornindal Rundt»
på kring ti timar.
- Eg er strålande
nøgd med løpet. Rett nok gjekk det tungt mot slutten. Eg gjorde vel ein tabbe
som ikkje åt noko undervegs.
- Kva tykte du om
løypa, som var noko omdiskutert?
- Eg likte den
godt. Veldig variert og tøff. Frå fine stiar, til myrunderlag og steinete
nedstigningar. Her måtte ein meistre alt, og vere god både opp- og nedover.
- Hadde du hjelp
til å halde tempoet oppe?
- Lite. Eg «taua»
på eit par karar fram til «Fremste Blåhornet», men der satsa eg meir nedover
enn dei og vart kvitt dei. Resten av løpet sprang eg åleine.
Det høyrer med til soga at
ved passering Stranda Hotell (8,5 km att av løpet) var Kjell Magnar 11 minutt
bak Ola Hovdenakk. Men Berlien var raskare på matstasjonen og gjekk ut mindre
enn 10.30 bak Hovdenak. Ved passering på Langlo hadde Kjell Magnar ti minutt
tilbake til nummer tre. Avstanden her skrumpa til ca fire minutt ved målgang.
Neste laurdag syklar Kjell Magnar Birkebeinerrittet frå god startpulje med
garantert høg fart.
- Det går vel bra,
Kjell Magnar?
- Eg er i alle fall
skadefri – og treningsgrunnlaget er bra, så eg er optimist
Vi rår han til å setje i
kontakta og ladde opp. Mest som ein el-bil, så tenkjer vi det går unna neste
laurdag også, for mannen som har drive seg særs hardt med konkurransar kvar
bidige helg siste tida.
Robert Sogge vann det som
heiter Stranda Fjord Trail Race Light. Svein Arne Nakken vart nummer fire, og
Eldrid Myhre var også mellom dei 19 startande i Light-versjonen. Sykkylvingane
var med andre ord langt frå fråverande.
Vi kjem tilbake med tider
i løpet av kvelden – om dei då ligg føre.