Stafetten «Sykkylven Rundt» avlyst.
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Aug 2015
La vi fyrste rose dei tre
som hadde meldt seg på. Og ei ekstra stjerne til Team Olagarden på Straumsheim.
Ei stor ekstra stjerne til dei fordi dei var einaste påmelde lag utanom
arrangørlaga Sykkylven Sykkelklubb og Velledalen IL
For to år sidan samla
stafetten elleve lag. I 2014 var talet sju. For to år sidan vart det kjøpt inn
vandrepokal. I 2013 vann Sykkylven Sykkelklubb, medan FK Sykkylven var sterkast
i 2014.
I år har FK Sykkylven gitt
melding om at dei ikkje greier stille lag
På eit møte mellom
arrangørlaga i kveld vart det bestemt at årets stafett – annonsert til 23.
august klokka 14.00 - ikkje vert avvikla.
Prosjektet vert også lagt på is for seinare. Når store kraftfulle idrettslag
som Sykkylven IL - eller verksemder av Ekornes sitt kaliber - ikkje greier
stille lag, kven skal vi då vente melder seg på til tre sykkeletappar og tre
til fots…?