Stortipparen Ådne Alf
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Aug 2015
Per Inge Bjørnestad var
deltakar under Skåla Opp (1848 meter over havet) sist laurdag, og her skriv han
om ei hending fredag før han drog heim frå jobb.
- Då sa Ådne
Brunstad at ej kom til å springe Skåla Opp på 1.40.53.37. Eg har alltid klokke
på når eg spring, men ej ser aldri på den, då tida berre vil stresse meg.
Dagen etter sprang Per
Inge inn til 26. plass av 106 fullførande i klasse 40-44 år. Tida vart 1.40.58.
Ser ein vekk frå hundredelane bomma Ådne med fem sekund. Då Per Inge kom på
jobb måndag 17.august (to dagar etter løpet) vart han møtt av Ådne med orda:
- Herlighet kor nær
ej va då!
Og han lurte på når Per
Inge skulle i aksjon neste gong.
Det vert under Birkebinerrittet
på sykkel siste helga i august.
Då får vi svaret. Er Ådne
Alf Brunstad ein trollmann innan tipping, eller var dette rein, skjær FLAKS - på line med seks rette i lotto!
PS! Har nokon ei meining i
denne saka så sei frå når den kjem på VIL facebook.