Sorry: Jan Even Sandal var også på Skåla
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Aug 2015
Merk dykk folkens: Vi
seier oss leie for at vi gløymde Jan Even Sandal frå Sykkylven i oversikta frå
Skåla Opp i går. Sandal kom inn på tida 1.58.56.
- Eg er mest nøgd
med at eg slo den profilerte motbakkeløparen Jan Halvard Holmøy, skriv han i
ein e-post til VIL-Nett.
Holmøy kom inn på tida
2.04 etter eiga tidtaking (ikkje i konkurranse-klassa).
- Holmøy har svore
revansje neste år, så då ligg det an til duell, skriv Sandal vidare.
Med andre ord ein godbit i
vente om eit års tid!