Odd-Kåre på Fanaråken

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Aug 2015

-  Såg dokke skreiv
om motbakkeløpet Fanaråken Opp. Eg var der, seier Odd-Kåre på telefon til
VIL-Nett


 -  Deltok du i
mosjonsklassa då?


 -  He,he. Ja du kan
godt seie det slik. Eg var både funksjonær og deltakar i mosjonsklassa.


 -  Korleis heng det
saman?


 -  Du skjønar kona
mi, Grethe, har nære slektningar i Skjolden, som er involvert i dette
arrangementet. Siste tre åra har vi vore på plass akkurat den helga Fanaråken
Opp vart arrangert. I år hjelpte eg til som «buskapspassar», så ikkje kveg av
ymse slag skulle rote seg inn i løypa. Etter den jobben var ferdig gjekk eg til
topps.

Svært bra jobba Odd-Kåre!

Nyt fotoet av ein karen
som ein knappast skulle tru var 63, men som visseleg er 73. Og med masse «treningsturar»
til trimposten i skogsvegen Fet som ballast, vart ein tur til toppen av
Fanaråken (2068 meter over havet) mest som strø på ein softis å rekne for
Odd-Kåre

Så takk Odd-Kåre,
Velledalen IL var representert der også!