Koppen trimpost – Vidope!
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Aug 2015
Koppen trimpost er ikkje
mellom dei best besøkte. Dei fleste tek posten via skogsvegen på Hjorthol, med
ei bratt, krevjande oppstigning etter ein tek av frå denne. Og går ein ned att
same lei, røyner det hardt på kneleane i bratte unnabakkar.
Nok om det. Vår meldar var
på posten 9.august klokka 12.50. Då var stoda slik:
28 turar: Ingrid Brudevoll
25 turar: Anita Hjorthol
16 turar: Alf Petter Bøe
14 turar: Eldrid Myhre
13 turar: Åge Vanebo
Som ein ser; eit rutinert
knippe vandrarar inne på topp-5. Og skilnaden mellom nummer ein og fem er ikkje
større enn at her er alt mogleg, i løpet av 60 dagar.
Kjekt med trimpostar med
spenning til siste slutt!