Kjell Magnar på stø kurs

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2015

Nok ei helg må vi berre gi
oss over. Kjell Magnar sin sykkelframgang denne sesongen må omtalast som ENORM.
I dag var staden Oppdal og rittet «Sykkeleneren». Over 70 km langt terrengritt
med stor deltaking. Kjell Magnar greidde ein imponerande andreplass i klasse
25-29 år. Same plassering fekk Eldar Kurseth i klasse 40-44. Sterk innsats også
av Per Steinar Linga, som vart nummer ni klasse 40-44 år.

Her er resultata til sykkylvingane i den lengste løypa
– og totalplasseringa:


 1.
  


 Fredrik Wilmann 2.38.00

26.
Eldar Kurseth, ÅOCK/Focus Sport, 2.52.36

46.
Kjell Magnar Berli, Velledalen IL, 2.56.19

53.
Per Steinar Linga, Sykkylven SK/Ekornes BIL, 2.59.15

466.
Bjørn Inge Gjersdal, Sykkylven SK, 4.15.17

604 fullførte rittet