Retting: Kjell Magnar nest best
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Aug 2015
Foto frå Saudehornet Eldar Høidal
For to veker sida kom han
fem sekund bak Iver Matias Linge Glomnes opp Mefjellet – sju kilometer langt og
1100 høgdemeter stigning. 13 dagar etter Mefjellet tok han Saudehornet i Ørsta.
Motbakkeløp på 5,5 km og 1300 høgdemeter.
Etter løpet melde smp.no
at Kjell Magnar Berli var beste sunnmøring i løpet på sjuandeplass. Arrangørane
«dronta» med resultatlista, så vi melde det same.
Men då lista endeleg kom,
viste det seg at ein kar ved namn Håvard Myklebust hadde ti sekund betre tid enn Kjell Magnar.
Grunnen til at smp.no ikkje hadde rekna han mellom sunnmøringane, var at han
representerte »Fjellfotografene».
Alle utøvarar, uansett kva
dei representerer, burde ha eit stadnamn ved sida av. Står der eksempelvis på
startlista: Håkon Fedt, Velledalen IL/Team Bøe – ja, så er Håkon Fedt lett å
plassere. Står der berre: Håkon Fedt, Team Bøe – ja, så kan denne karen like
gjerne kome frå tjukkaste Oslo.
Håvard Myklebust lurte
altså smp.no denne gongen. Men mannen er identisk med karen som vann Opp på
Bruna (no Tomasløpet) i 2014. Den gongen slo han Kjell Magnar med 40 sekund. I Ørsta var avstanden ti
sekund i eit langt tøffare løp.
Til slutt Kjell Magnar sine planar for dei fire neste
helgane:
Helg 1: Sykkelritt på
Oppdal
Helg 2: Skåla Opp (Stryn
kommune) – held Robert sin sykkylvsrekord….?
Helg 3: Stranda Fjord
Trial Race -33 km fjelløp Stranda
Helg 4: Birkebeinerrittet
Lillehammer – Mål: Bli Superbirkebeiner
Eit program det står
respekt av. Og Superbirkebeiner vert han garantert – om han styrer unna uhell.
Velledalen IL gler seg
over at «Berlien» stadig tek nye steg som idrettsmann, og det burde vere til
motivasjon for andre – andre som treng eit løft i livet!!