6,94 meter i NM-lengde
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Aug 2015
Henrik Johan Fjærestad
Holmberg kan reise heim frå Haugesund med godt samvit. Bronse på 110 meter hekk
var det maksimale han kunne håpe på. Sølv i høgdehopp er glimrande. Kanskje
kneg det han ørlite, at på ein god dag kunne han sett ny pers med eit par små cm og faktisk vunne! Truleg vil
det by seg nye sjansar.
NM vart avslutta med
lengdehopp for Henrik sin del. I andre omgang fekk han opp 6,94 meter, men
lenger kom han heller ikkje, på sine i alt seks hopp. Sju meters grensa var
truleg eit mål, men alt i alt skal tikjemparen frå VIK IL vere nøgd med
NM-helga. Noko heilt sikkert slekt og andre sympatisørar i Velledalen også er.
Vi tek med dei tre beste i lengde-NM:
1.
Jonas Mögenburg, Tyrving IL, 7,59
2.
Karsten Warholm, Dimna IL, 7,52
3.
Vetle Utsi Onstad, Tjalve IK, 7, 41