Kjell Magnar beste sunnmøring opp Saudehornet

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Aug 2015

Bilete frå Mefjellet opp 2015
Under Mefjellet opp for to
veker sidan vart han nest beste sunnmøring, berre slegen av sterke Iver Matias
Linge Glomnes med fem små sekund. I dag fekk Kjell Magnar revansje på den
sterke langrennsløparen frå Valldal IL. Med tida 1.00.15 vart Kjell Magnar
nummer sju totalt, og han sette alle sunnmøringar på plass. Som Iver Matias, Knut
Anders Hatlen og Bjørn Ole Vassbotn (Fjellsæterrunde-vinnar).


 -  Eg slo den gamle
persen min med kring tre minutt. Arrangøren hadde problem med brikketidtakinga
og måtte over på manuelle tider. Faktisk veit eg ikkje plasseringa mi i klassa,
men forma er framleis god og eg er godt nøgd med dagen, fortel Kjell Magnar
Berli på telefon til VIL-Nett etter løpet.

Vi veit at også Håkon Fedt
og Per Steinar Linga deltok, pluss at Eldar Høidal var mellom dei 150 i
mosjonsklassa. Vi kjem tilbake med meir straks vi har tilgang på resultatlistene.

Anita Håkenstad Evertsen,
Øystre Slidre IL vart beste kvinne på 1.04.08

Tre beste menn:


 1.
  


 Erling Hisdal, IK Tjalve, 55.30


 2.
  


 Daniel Stock, 56.12


 3.
  


 Isak Bergset, IL Veten 57.59

7. Kjell Magnar Berli,
Velledalen IL, 1.00.15