Skogsvegen Fet – Odd Kåre eller Grethe…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jul 2015
Ingen store
overraskingar på denne posten. Ein post der nokre få går mykje – faktisk svært
mykje – medan det for dei øvrige sin del er nokså ordinært. Astrid L. Drabløs
er gledeleg nok tilbake på posten etter beinbrot kring nyttår. Elles flott av
Margit Fet å halde fjerdeplassen i såpass høg alder. Og slik det ser ut akkurat
no vil ein «ungjypling» og til og med ein frammabrauting – Alf Petter Bøe – ta
femteplassen på topp-5 lista denne sesongen.
Slik var stoda
28. juli klokka 21.30
237 turar: Odd-Kåre Fet
237 turar: Grethe Fet
119 turar:
Astrid L. Drabløs
31 turar: Margit Fet
21 turar: Alf Petter Bøe