Geir O Drabløs toppar Høgsætra

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jul 2015

Men vår meldar
som var på posten klokka 20.55, den 28.juli, kunne likevel melde om eitt godt
nyhende. Mannen i tet hadde 20 noteringar, godt over det normale
vinnarresultatet på årsbasis siste åra. Alt tyder på at Geir Olav kjem til å
vinne to postar denne sesongen.


 -  Kjøle
bra, ville friidrettsleiaren vår ha sagt om den saka.

Men resten var
ikkje mykje å juble over, med fattige 56 noteringar hittil.

Kos dykk med
tala:

20 turar: Geir O. Drabløs

3 turar: Ole Jostein Fedt

3 turar: Håkon Fedt

3 turar: Lars Arild Rokset

2 turar: Anne Karin Fet

2 turar: Helen Lonva Fet

Om du er ein
person som ikkje har «løsa» enno, men hungrar etter å kome på ei topp-5 liste,
ja, då er Høgsætra rette staden for slik satsing.

GOD TUR!!