Bruna – trimpost i verdsklasse
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jul 2015
Det er
verdsklasse over Bruna trimpost. Eller rettare sagt; verdsklasse over ein del
av «utøvarane» som går dit. Skal ein få innpass på topp-5 på denne posten, held
det ikkje å vere middels interessert.
Vi seier ikkje
stort meir i denne omgang. Ein kan miste både munn og mæle av mindre. Du har
kring 70 dagar på deg for å gå deg inn på lista. Kanskje inga tid å miste…??
Stoda Bruna trimpost 25.juli klokka 16.35:
441 turar: Inger Riksheim
414 turar:
Anne Merete Hjorthol
349 turar:
Solveig Olsen
179 turar:
Anne Lise Hjelle
141 turar:
Anita Mosby Nakken
136 turar:
Kjell Olsen