Skogsvegen Hjorthol – Ingrid og Anita i tet

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jul 2015

To poeng er
alt ein får med seg i «banken» etter ei vitjing av trimposten i enden av
skogsvegen på Hjorthol. Men så er det heller ingen lang tur. Ni og eit halvt
minutt brukte vår mann frå grinda i starten, til Velledalen IL si trimkasse.

Her er stillinga 22.juli klokka 20.30:

170 turar: Ingrid Brudevoll

136 turar:
Anita Hjorthol

57 turar: Jan Lade

35 turar: Ruth Øxnevad

31 turar: Evelyn Holmberg

27 turar: Eldrid Myhre

20 turar: Lisbeth Hofer

20 turar: Svein Hjorthol

19 turar: Alf Petter Bøe

I 2014 vart
det polsk siger på denne posten. I år er topp-plassen definitivt tilbake på
norske hender. Kvinnehender – anten Ingrid eller Anita. Og vi spår ein må godt
over 200 turar for å kunne smykke seg med tittelen:
  Trimpostvinnar skogsvegen Hjorthol 2015.