Kring 70 dagar til trimbokskifte
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jul 2015
Vi minner om
at før vi veit ordet av det er det trimbokskifte – kring 70 dagar att. Vil
nokon sette inn ein sluttspurt er tida for det komen. Alt tyder på at det vert
nokre sensasjonar på listene denne sesongen, heilt sikkert kjærkome med nye
namn for sjefsteljaren av poeng.
21.juli klokka
20.45 var stoda slik på Vellesætra, ein post som gir sju poeng pr. tur i
«banken»:
112 turar: Torhild Skogvold
80 turar: Arnhild Linga
43 turar: Alf Petter Bøe
42 turar: Anita Hjorthol
23 turar: Olga Sørensen
22 turar: Veronica Ulriksen
22 turar: Dag Erik Myhre
Vanlegvis kjem trimgruppa med ei topp-5
rangering på kvar post. På Vellesætra er kampen om 5.plassen beinhard. Torhild
Skogvold har festa grepet og let seg truleg ikkje vippe av trona. Arnhild Linga
ein sikker nummer to. Mannfolka er litt akterutsegla, men Dag Erik Myhre er
«formutøvaren» på posten, og ser ut til å ha god kurs mot ei topp-5 plassering