Jubilant 19. juli – Torleiv Peder Hole
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2015
Vi har med ein
sprek jubilant å gjere, la det vere klart. Sjølv om Torleiv har adresse
Stranda, er han velledaling god som nokon andre – frå Knutgarden på Hole av
opphav.
Her voks
Torleiv opp i ein heim med interesse for idrett. Såleis var det ikkje å undrast
over at han sjølv slo inn på faget. I Velledalen IL var han aktiv både i
friidrett og langrenn.
Diverre har
ikkje VIL tilgang på langt nær alt av resultat dei ulike aktørar opp gjennom
åra har levert. Men vi veit at Torleiv som junior leverte 4.26.6 på 1500 meter
og 2.09.4 på 800 meter under «Ålesundlekene». Under baneopninga på Aksla
stadion i 1949 sprang han 3000 på 10.01.5, noko som heldt til andreplass 0,6
sekund bak vinnaren Johan Strøm, IL Ringen
Er dette fort
då, spør den uvitande. Ja, det er faktisk det. Det er 3 minutt 20,5 sekund pr
kilometer. Overfører vi til noko kjent, betyr det at Torleiv med same fart
hadde sprunge Konradløpet på 15.02 som 19-åring. Same fart hadde han neppe
klart, men uansett hadde han kome inn på 15-talet. Kor mange sykkylvingar
gjorde det i 2015….? Svaret er særs få
Torleiv var
også skiløpar. Gjekk mellom anna på Velledalen IL sitt stafettlag som vart nummer
to over 4x10 km stafett i 1951.
På sine eldre
dagar er Torleiv ein trufast gjest under Romjulsmarsjen 2. juledag, og
statistikken viser at han har tre fullførte Konradløp i «bagasjen»
Til slutt må
vi nemne hans kanskje viktigaste sportslege eigenskap. Torleiv Hole var ein
glitrande skismørjar. -Ein éinar, ville Kaspar Fet ha sagt. Og det kan
underteikna stadfeste, til og med med grunngjeving:
·
Underteikna
vart éin gong individuell KM-vinnar i langrenn. Det var i 1967 med Torleiv Hole
som skismørjar
·
Underteikna
slo Bjørn Rune Gjelsten éin gong i karriera. Det var på Stranda i 1968 med
Torleiv Hole som skismørjar
·
Velledalen
IL vart KM-vinnar i stafett i Sunnylven i 1975. På papiret var Ørsta IL klart
sterkast, men etter ei smørjebragd av Karl B. Lade og Torleiv Hole vart trioen
Bjørn Lade, Torstein Hole og Atle Hole KM-vinnarar for Velledalen IL.
På vegne av
idrettsvener i laget helsar Velledalen IL jubilanten på 85-års dagen.
Atle Hole