Kjell Magnar i kanonform
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2015
Velledalen IL var representert med tre av i alt 57 deltakarar i Mefjellet Opp sine konkurranseklasser. NM- og EM-vinnar Johan Bugge, Eidsvåg IL, vann som venta med klar margin. Han pressa sin eigen løyperekord ned frå 44.45 til 42.57. Bugge hadde over ni minutt til gode på løpar nummer to. Kjell Magnar Berli vart nummer sju uansett klasse, og nummer tre i klasse 23-34 år. Med tida 53.56 var Kjell Magnar berre fem sekund bak Iver Matias Linge Glomnes som vart beste sunnmøring, og han slo ein sterk løpar som Knut Anders Hatlen frå Stranda
- Eg fekk ikkje opp farta skikkeleg frå start, men kjende meg sterk mot slutten, sa ein nøgd Kjell Magnar til VIL-Nett etter løpet.
Jo Andre Tandstad leverte også godt i 23-34 år. Han kom inn knappe minuttet bak Sykkylven IL sin Fridtjof Fredriksen, begge på 1.11-talet. Utøvaren vår på 72 år, Olaf Einar Øien, kom på andreplass i klasse 70+. På grunn av regn i timane før løpet, var det sleipt i siste delen av løypa
Mefjellet Opp er sju kilometer langt og stig 1100 høgdemeter. Mosjonsklassa samla 75 deltakarar, slik at det samla deltakarartalet i 2015 vart 132.
Resultatliste 2015 her