Sterkt mil-løp av Per Inge
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jul 2015
Bilete frå Hellesyltløpet 2015
43 utøvarar deltok i andre
løpet i Sommarkarusellen i Ålesund. Per Inge Bjørnestad var åleine deltakar frå
Sykkylven. 20 menn fullførte lengste distansen (10 km), og Per Inge vart nest
best av desse. Kurt Nilsen var raskast uansett klasse med 37.09, mot solide
37.15 for Per Inge, som vann klasse 40-44 år 1minutt og 11 sekund føre Rune
Skaar, Sula SK.
Andreas Vangsnes frå
Ålesund var raskast på fem kilometer med tida 17.32