Gratulerer Henrik – 7173 poeng i tikamp

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jul 2015

Vi har ikkje sjekka om
  Jon og Reidun har fått opp flagget, men
i dag har besteforeldra i Velledalen verkeleg god grunn til flagging.
Sonesonen, Henrik, flytta nemleg sin personlege rekord i tikamp frå 6850 poeng
til 7173 – når det galdt som mest, i sin tøffaste konkurranse hittil i
karriera, Universiaden i Sør-Korea.

Universiaden

er eit stort arrangement. I omfang er berre OL større. I 2015 er det ikkje OL,
noko som betyr at stemnet
  Henrik Johan
Holmberg deltok i i Sør-Korea, er STØRSTE IDRETTSARRANGEMENTET I 2015.

Etter fyrste dag låg Henrik på 8.plass
 . Etter ein dag der han sette ny personleg rekord i
kulestøt og hoppa 204 cm i høgde. Normalt sett er han svakast på øvingane andre
dag. Her fortel faren Morten, som nyleg hadde snakka med sonen, korleis andre
dag arta seg:


 -  110 meter hekk er
vanlegvis ei bra øving. Det var tre heat, og Henrik vann sitt. Så kom
vanskelege kastøvingar som diskos og spyd, og ikkje minst stavsprang – som har
vore ein liten «akilleshæl» for Henrik. Men denne gongen kom han seg over 4
meter, og det gjekk rimeleg bra i kastøvingane der han er i framgang. 1500
meter er heller ikkje mellom favorittøvingane, men han kom seg gjennom på
skapeleg vis. Sluttresultatet vart bra – eit resultat til inspirasjon, seier
Morten, som sjølv ikkje var på plass i Sør-Korea.

Ja, dette var nok langt
meir enn skapeleg. Når «guten» flyttar sin personlege rekord frå 6850 poeng til
7173 poeng i sitt hittil viktigaste stemne, og vert nummer 12 (eitt poeng frå
11.plassen), må vi oppgradere til: Ein særdeles flott prestasjon –
  tindrande klart ein flaggprestasjon!!

Neste store mål for Henrik
Johan er NM i Haugesund. Der stiller velledalssongingen i fleire øvingar.
Truleg er medaljesjansane størst i høgdehopp – korleis det går les du på
VIL-Nett.

PS: Vi berre nemner det.
Morten brenn no for å arrangere høgdegalla på sykkylvsk jord!!