Brunstadekspressen totalvinnar i Jølster maraton

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jul 2015

arkivfoto
Sverre Gunnar Brunstad
held koken. Sist laurdag var han med på den store løpsdagen i Jølster, med
ikkje mindre enn fire ulike løypelengder. Ein kan velje mellom 5 km, 10 km,
halvmaraton eller heil maraton.

Sverre Gunnar sprang heil
(42 195 meter). Han vart klokka inn på 2.42.52, med god margin til
hardaste konkurrent (Helge Hafsås), som brukte 2.45.26.

I ein e-post til VIL-Nett
skriv Brunstadekspressen mellom anna:


 -  Løpet var
veldisponert og teknisk bra gjennomført. Ekstra hyggjeleg var det å kunne
springe frå førehansfavoritten av løpet (Helge Hafsås, Olden IL).

Neste store oppgåve for
Sverre Gunnar er NM i maraton i Trondheim i september.