Hellesyltløpet 4.juli klokka 15.00
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jul 2015
Hellesyltløpet har lange
tradisjonar. Siste åra har deltakinga auka, og plar ligge på kring 100
startande. Nivået på dei beste i feltet er høgt, ikkje minst takka vere spreke
aktive frå Lyn, Oslo. Denne klubben har skitrenar frå Sunnylven (Hans Kristian
Stadheim), og har dei fire siste åra hatt sommarsamling på Hellesylt med
obligatorisk deltaking i Hellesyltløpet som avslutning på ei god treningsveke.
Hellesyltløpet har påmelding
løpsdagen. Difor er det uråd og seie om Velledalen IL vert representert. Men vi
veit at VIL sin friidrettsleiar (A.P. Bøe) skal delta, og truleg blir der
fleire sykkylvingar på startstreken ved stadion.
VIL-Nett kjem med resultat
frå løpet.