Smånytt

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2015

Fyrste av alt er det på
sin plass med ein gratulasjon til VIL-sekretær,
  Rolf Haxthow, som fullførte Trondheim-Oslo på sykkel med glans. Han
brukte i overkant av 19 timar på turen. Sprekt av ein mann som har passert 60.

Friidrettsleiar i VIL
  , Alf Petter Bøe, gjorde i dag sin
fyrste etappe på Rindal IL 3 under St.Olavsloppet. Alf Petter sprang 7. etappe
frå Stjørdal til Framnes, ein etappe på 9200 meter. I morgon (25. juni) spring
Alf Petter 22. etappe for same lag, frå Vaterholmen til Sul. Den er på 8800
meter

St. Olavsloppet har 51 etappar med ei samla
lengde på 338,9 kilometer. Start i Trondheim, mål i Østersund. Vi kjem tilbake
med meir seinare.

Marianne Fløttum
  vart beste kvinne i Tomasløpet i Straumgjerde. Vi har tidlegare skrive
at vi var heilt blanke på hennar opphav. No veit vi litt:

Marianne Fløttum er
svigerdotter av Elin Vikingsen Fauske og Asbjørn Fauske. Ho kjem opprinnleg frå
Verdal, men bur i Oslo. Marianne Fløttum vart vinnar av klasse K 30-49 år under
Tomasløpet, og var beste kvinne totalt.

Ekteparet Fauske hadde også ein svigerson
i aksjon under Tomasløpet. Det var Vegard Nerhus, med opphav frå indre
fjordstrok på Sunnmøre, som med tida 21.45 hadde fjerde beste tid i fyrste
utgåva av Tomasløpet.