Velkomen til Holetindane trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jun 2015
Uvanleg snørikt i høgda i
2015. Difor tok det si tid før trimkassa på Holetindane dukka fram. No har den
gjort det, og Nils Terje Skylstad har dokumentert stoda på toppen (sjå foto)
- Posten er klar
til å ta mot fleire noteringar, skriv Nils i ein e-post til idrettslaget si
nettside.
Og då seier vi: -Legg i
veg, med friskt mot!
Vi nyttar også høvet:
Gjer som Nils, send oss
foto frå turane dine. Ingen for lett, ingen for tung.
Send
til:atlehole@online.no