Stor aktivitet på trimpostane

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jun 2015

Det er stor
aktivitet på trimpostane i lavlandet om dagen. Mange ser verdien av å pleie den
fysiske forma, noko idrettslaget set pris på. I Straumgjerde (Bruna) er for
lengst den fyrste boka fullteikna, og det nærmar seg for Brunstadsætra sin del.
Vi vil med ujamne mellomrom framover
kome med små rapportar frå dei ulike postane.

STODA VELLESÆTRA TRIMPOST 16. JUNI:

94 turar:
Torhild Skogvold

60 turar:
Arnhild Linga

39 turar: Alf
Petter Bøe

23 turar:
Anita Hjorthol

19 turar:
Veronica Ulriksen

17 turar: Olga
Sørensen

16 turar:
Svein Linga

13 turar:
Tatiana Brunstad

STODA BRUNSTADSÆTRA TRIMPOST 16.JUNI:

97 turar:
Inger Anne Brunstad

74 turar:
Veronica Ulriksen

60 turar:
Arnhild Linga

50 turar:
Frode Værøy

49 turar:
Torhild Skogvold

45 turar: Arnt
Gunnar Brunstad

43 turar:
Magnus Ødegård

36 turar:
Oddhild Ødegård

35 turar: Alf
Petter Bøe

For postane i
høgda er det ikkje like greitt. Ellling Hole melder om mykje snø og vanskelege
forhold på Myrdalsfjellet


 -  Her
bør ein i det minste utstyre seg med gamasjer, seier kongen av Myrdalsfjellet
som ser fram til meir varme og betre forhold.

Men Elling har
posten i Holemarka som sitt andre alternativ, og der har snøen nyleg smelta, så
vidt vi veit.