Sommarkarusell med 30 løparar

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jun 2015

Fyrste løpet i
Sommarkarusellen i Ålesund vart arrangert onsdag 10.juni. Forholda var ikkje
dei beste med lett regn og kaldt vêr, berre kring ti plussgrader. Deltakartalet
stoppa på 30, og det var fritt val mellom fem eller ti kilometer.

Kjell Magnar Berli var
einaste deltakar frå Sykkylven kommune, og vart berre slegen av Andreas
Vangnes, Ålesund FIK. Vangsnes fekk tida 17.49, mot Kjell Magnar sine 18.10.


 -  Dette var fyrste
løpeturen på ti dagar, så det var litt uvant, seier Kjell Magnar til VIL-Nett.

Vårt normalt sterkaste
kort i Birkebeinerløpet komande laurdag, er litt bekymra på grunna av ein
skade, truleg overbelastning.

-Eg håper og trur det skal gå bra, men kjem
heilt sikkert til å kjenne smerter i nedoverbakkane.

Uansett så har Kjell Magnar
trena godt siste tida, med hovudvekt på sykling og tunge fjellturar. Grunnlaget
er i alle fall i orden.