Konradkrus + Skodjekvinne = Facebookrekord!

    Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jun 2015

    Fråv.: ?, Elise Stette, Kari-Anne Tryggestad Ryste
    La oss innrømme det fyrst
    som sist: Velledalen IL har ein «likes-topp». Kvart år har laget ei topp-5
    rangering over dei sakene som har fått flest «likes» siste året. I 2014 vann
    saka om at Sykkylven hadde fått sin fyrste Konrad på mange, mange tiår. Saka
    frå dåpen til Konrad Strømmegjerde Helle sundag 19.oktober 2014 – som kosta
    Velledalen IL 3000 kroner – vart løna av folket med 61 «likes». Altså mest i
    2014!

    På denne bakgrunn var vi
    strålande nøgde då vi noterte 87 «likes» av tilhengarane for 79. plass av 1698
    fullførande lag i Holmenkollstafetten i klassa som heiter: miksa lag med
    fleirtal menn.

    6.juni reiste så to menn
    og to Konrad-krus frå VIL til Geiranger i von om å få tilgjeving for eit snev
    av tidlegdemens. To krus, tinga av Elise Stette, etter Konradløpet i 2014 sat
    vi på framleis. Vi hadde dei i bilen. Problemet var at vi ikkje visste kven ho
    var. Men, haha, vi visste startnummeret.

    Vi såg «offeret» fyrste
    gong ved passering fire kilometer. Då stod vi utanfor Utsikten, men hadde ikkje
    krusa for hand. Difor sa vi ingenting, men gliste til kvarandre i triumf over
    at vi hadde funne ho i mylderet av deltakarar. Men etter ganske nøyaktig
    halvgått løp, då somme utøvarar byrjar få vonde tankar, eksempelvis om å bryte
    ved Djupvasshytta, då hadde vi eit krus i handa og gav henne klar beskjed på
    kort hald om at i dag var den store dagen komen. Og ho var ikkje meir i ørska
    enn at ho oppfatta – ho smilte nemleg.

    Alle kvinner i sin beste
    alder ville fått ein ny kveik og livsgnist av ein slik tildragelse. Også Elise.
    Det viser sluttida, 3.10.34, mot 3.15.41 i 2014. Ny personleg rekord med fem
    minutt og sju sekund.

    Men det store SJOKKET kom
    dagen etter, då saka vart lagt ut på facebook-sida vår. I skrivande stund 257 «likes»!!!
    Hadde vi vore heilt utrena, kunne vi beint fram ha døydd av heile greia. At det
    var slik kraft i to Konrad-krus og ei Skodje-kvinne, ja, det hadde vi ikkje i
    vår villaste fantasi trudd.

    Takk til alle som lika
    saka!!