Det enda 173-159 i Konradløpet 2015
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jun 2015
Statistikkførar Lars Inge
Sæther har gitt oss tala frå Konradløpet 2015 (gjeld hovudløpet i Velledalen).
·
159 hokjønn
·
173 hankjønn
Vi har hatt gåande ein
uhøgtidleg kappestrid gjennom Konradløpet sine siste år; samlar løpet flest kvinner
eller menn. I 2015 gjekk mannfolka klart hardast ut straks påmeldinga opna. På
det meste var førespranget på over 40. Men damene kom sterkt mot slutten, slik
at det berre skilde 14 i mannfolka sin favør då startskotet vart løyst.
Kvinnedeltakinga i
mosjonsløp har hatt sterkt vekst på Sunnmøre siste åra. Men det er få
arrangørar som greier tilnærma 50/50 mellom kjønna, slik Konradløpet gjer. Faktisk
har Konradløpet ved fleire høve hatt kvinnefleirtal, og slik sett vore i ei
særstilling i vår region.
Arrangøren håper – og trur
– at damene går for revansje når løp nummer 15 vert arrangert 1.mai 2016.
PS: Vi kjem tilbake med
tala for Minikonrad – med og utan tidtaking