Torje Bjørneseth ny trimleiar
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mai 2015
Dette vart klart på
styremøtet i Velledalen IL tysdag 26. mai.
Gruppa har hittil ikkje
lagt noko program for året 2015, men arrangementet som står for tur er
Grillkvelden på Brunstadsætra. Dette plar vere den helga fellesferien startar,
og alltid på ein laurdag.
Det betyr at 11.juli er
den mest trulege datoen, men dette vert opp til trimgruppa å bestemme. Det blir
heilt sikkert IKKJE helga før, då skal nemleg Torje gifte seg med «Øye-Monica».