Geir Olav den nye «kongen» av Regndalen.
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mai 2015
Leiar i Velledalen IL
friidrett, Alf Petter Bøe, vart mektig imponert då han slo opp trimboka i
regndalen 1.pinsedag. Og han las ikkje feil, trass strid vind og plaskregn. Der
stod faktisk 76 turar. Alle veit at Regndalen ikkje er lettaste turmålet seint
på hausten eller vinterstid med sine mange glatte berg.
Geir Olav Drabløs har
tilsynelatande slege «knock out» på alle konkurrentar. Og held han fram som han
stemner vil han kome høgt også på samanlagtlista over alle postar i 2015.
Slike «gutar» likar vi,
Geir Olav!!
Her er stoda, Regndalen
trimpost 1.pinsedag 2015 klokka 11.00:
76 turar: Geir Olav
Drabløs
17 turar: Martin Velle
7 turar: Arnt Gunnar Brunstad
3 turar: Elias Urke Brunstad
3 turar: Ann-Helen Hole
Som alle veit; dei beste
Regndalsturane får ein frå no og fram til bokskiftet i oktober.