Maria Urke fint i farta i Fornebuløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mai 2015

Vi er litt usikre på om
den Maria Urke som står i resultatlista er Velledalen si Maria Urke. Dama
sprang for PwC, i klasse 23-39 år. Og fullførte mila nokre sekund i underkant
av timen. Men løpet er altså registrert og godkjent i Velledalen!

Fornebuløpet, som har
ulike løypelengder, vart arrangert 20. mai. Frå vår eminente
Holmenkollstafett-løpar, Njål Torillson Tyssing, har vi fått ein kort rapport
frå løpet.


 -  Ei flat, men vel
svingete og ujamn løype gav ikkje dei forventa personlege rekordane, skriv han,
og siktar til seg sjølv og Per Olav Sætre.

Njål kom inn på sterke
36.09, og viste at innsatseni Holmenkollstafetten ikkje var eit blaff, medan
den tidlegare fotballproffen, Per Olav, kom inn på 43.07. Ikkje å kimse av det
heller.

Og vi reknar med våre
trufaste lesarar (av tidene) forstår at ikornnes-gutane sprang 10 kilometer.