Sprek familie fram i lyset
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mai 2015
Familien Blakstad frå
Aursnesvegen i Sykkylven markerte seg i årets Konradløp. Familien på fem, med
namna Svein Even, Eva Helen, Mikael, Niklas og Helena, var debutantar. Såleis
visste dei ikkje heilt kva dei gjekk til.
Vi håper opplevinga vart
god for den spreke familien. Ja, for spreke må vi ha lov å kalle dei. Faktisk
er det særs sjeldan at vi har både mor, far + eit born frå same familie med på
resultatlista – ei resultatliste som tel om lag tredjedelen av dei startande.
Hittil står familien Blakstad med fylgjande personlege
rekordar:
21.52: Svein Even – 65.
plass i 2015
24.22: Mikael – 95. plass
25.28: Eva Helen – 108.
plass
Personlege rekordar som
sikkert vert utfordra ved seinare høve, og ein skal heller ikkje sjå vekk frå
at Blakstad-namnet kan få enno fleire utøvarar på resultatlistene.
Familien Blakstad driv
ikkje toppidrett. Men dei er representantar for sunn livsstil og sunne vanar.
Vaksne og born i lag. Velledalen IL «diggar» slike familiar!!