Sensasjonell 78 plass av 1695 lag i klasse A1.

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mai 2015

I 2014 vart Velledalen IL nr 235 i same klasse på tida 1.11.52. Laurdag 9.mai 2015 noterte laget sterke 1.07.40. Ein framgang på fire minutt og tolv sekund. Tida heldt til 78.plass i klasse A1, klassa for miksa lag.

Premietida i klassa var 1.13.00, så her var ein innanfor med god margin. Laget såg slik ut:
1.
  etp: Hilde Riksheim Tandstad 1100 m – rutinert startkvinne
2.
  etp: Oskar Johan K. Hole 1070 meter – yngst på laget, men slett ingen læregut
3.
  etp: Rolf Haxthow 600 meter – eldst på laget (sprek 60-åring)
4.
  etp: Alf Petter Bøe 1840 meter – friidrettsleiaren himself.
5.
  etp: Roger Malvin Hole 1260 meter – tilbake for fullt etter lei skade
6.
  etp: Håkon Fedt 1240 meter – sterk etappe av ein stadig sprekare Håkon
7.
  etp: Njål Torillson Tyssing 1790 – kanonform i Konrad, det same i Oslo
8.
  etp: Kjetil Sætre 1810 meter – spesialisten vår på unnabakke
9.
  etp: Karstein Magne Jensen 630 meter – dyktig veteran, nest eldst på laget
10.
  etp: Kjell Magnar Berli 2840 meter – sprang lengste etappen på framifrå vis
11.
  etp: Sverre Gunnar Brunstad 1530 meter – berre 18 av 1695 slo Sverre G. på etp.
12.
  etp: Berit Emdal 370 meter – debutant som imponerte på kortaste etappen.
13.
  etp: Anders Wigdahl 1080 meter – superdebut – nest beste etappeplassering av våre
14.
  etp: Andrea Berge Kastellet 840 meter -.kosa seg på sjarmøretappen.
15.
  etp: Mathilde K. Hole 610 meter – ankerjenta som frakta pinnen inn til fine 1.07.40.