Kjellaug, Paul og Magnus har full pott
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2015
Kjellaug med startnummer 37 under Konradløpet i 2011
Årets Konradløp samla fem aktive over 80 år
·
Kjellaug Petrine
Ulset
·
Paul Halstein
Hole
·
Karstein Sørland
·
Magnus Ødegård
·
Harald Relling
(eldst av kvintetten, f. 1927)
Kanskje var der fleire.
Ikkje lett å halde kontroll på alt når mange melder seg på like før start, men
der var fem personar som entra scena då alle over 80 år vart inviterte fram.
For Velledalen IL er det
særs kjekt å melde at trioen Kjellaug Ulset, Paul Hole og Magnus Ødegård alle
har full pott. 14 deltakingar av 14 mulege!
Vi håper såleis at vi
neste år kan dele ut 15 års premien til alle tre frå scena.
Men 15 års premien er
førebels ikkje klar. Men det skal den
sjølvsagt bli, og i god tid før 1. mai 2016. Har nokon gode tips om innhaldet i
ein slik premie, kan forslag rettast til friidrettsleiar A. P. Bøe.
PS: Kjellaug Petrine har også eit barnebarn, Kjersti
Ulset Lade, som har full pott.
PS 2: Årspremieringa i Konradløpet ser slik ut:
·
Diplom: 1. gong
·
Konradmedaljen i
sølv: 3. gong
·
Konradmedaljen i
gull: 6. gong
·
Vase med
Konradlogo: 10. gong
·
????????????????????:
15 gong